Ergoterapi

Oppdatert: 03.10.2019 13:21
Generelt
Omtale

Målet med ergoterapi er deltaking og inkludering, og å gjera det mogleg for deg å leva eit aktivt og sjølvstendig liv, ut frå dine føresetnader og kvardagslivet sine krav. Har du t.d vanskar med å greia daglege gjeremål fordi du er sjuk, skada eller av andre årsaker, kan du få hjelp frå ein ergoterapeut. 

Ergoterapitenesta er ein del av helsetilbodet i kommunen, og kan bli gitt i forhold til både heim, barnehage, skule og fritid. Pr i dag gir ikkje Etne kommune tilbod om ergoterapi ift arbeid

Målgruppe

Personar som har utfordringar med å klara daglege gjeremål på grunn av alderdom, sjukdom, skade eller annan funksjonsnedsetting. 

Personar med behov for habilitering/rehabilitering

Grupper av befolkninga med behov for helsefremjande og førebyggande tiltak.

Kriterium/vilkår

Kommunal ergoterapeut vil gjera ei fagleg vurdering av behovet ditt for ergoterapi.

Pris for tenesten
Samarbeidspartnarar

Ergoterapeuten har eit tett samarbeid med den kommunale fysioterapitenesta og pleie-og omsorgstenesta, som òg er samlokalisert. Andre samarbeidspartnarar er helsetenesta forøvrig, skular, NAV hjelpemiddelsentral, hjelpemiddelfirma, helseforetak, spesialisthelsetenesta, syns-og audiopedagogisk teneste, pårørande m.fl.

Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Tilvising til ergoterapeut kan skje både frå deg som brukar, pårørande eller frå helsepersonell. Ynskjer du kontakt med ein ergoterapeut, kan du fylla ut søknadsskjema, senda mail eller ringja tenesta.

Skjema
Søknad om helse- og omsorgstenester
Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Helse
Leder:Hilde Høyland
Kontaktpersonar
Anita Sørheim (Ergoterapeut)
Telefon: 53758115
Mobil: 48898663
Telefaks:
Epost: anita.sorheim@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2019-10-03 13:21