
Etablerarkurs i Sunnhordland
Samarbeidsrådet for Sunnhordland vil i saman med Hordaland fylkeskommune starta eit nytt etablerarkurs i haust. Kurset går over to dagar og vert arrangert på ettermiddag/kveldstid 26 og 27 oktober på Stord Hotel.
Målsetjinga med etablerarkurset er å gje dei som ønskjer å starta for seg sjølv, ei allsidig innføring i kva det inneber å starta opp si eiga bedrift, og å formidla kunnskap som ein treng for å kunna etablera og driva bedrifta.
Gjennom kurset vil ein i hovudsak arbeida med forretningsplan, men deltakarane vil og få informasjon om selskapsformer, kva forsikringar ein må/bør ha, finansieringsordningar og anna nyttig informasjon som ein treng i ein oppstartsfase.
Til dei som går med tankar eller planar om å starta for seg sjølv, ta kontakt med Reidun Rykkje på Samarbeidsrådet for Sunnhordland for påmelding eller meir informasjon på tlf. 53 45 67 90