mot_logo

Etne får besøk av Norges største ungdomsturné

60 minutt med inspirasjon, kl 14.30-15.30,  6. mai på Skakkesenteret.

” MOT TIL Å GJERA EIN FORSKJELL”

”Du må vera dei endringane du ønskjer å sjå i verda”. Gandhi

 

Etne kommune – Lokalsamfunn med MOT inviterer til inspirasjonsforedrag.
Foredraget  er retta mot  lokale næringslivsleiarar, leiarar i lag og organisasjonar, føresette, kommune og skuleleiing, tilsette i kommunen, lærarar, Ungdom med MOT.
Foredraget er for alle som ynskjer å byggje og forsterka gode organisasjonskulturar, i idrettslag, kulturliv, skule, kommune eller næringsliv. Foredragshaldar har sjølv hatt MOT på skulen og er i dag ein av leiarane i MOT.

Me påverkar kvarandre –
Korleis styrkja ditt eige mot – slik at du kan styrkja andre sitt mot?
Korleis gå frå å villa gjera ein skilnad til faktisk å gjera det?

MOT- bussen kjem til Etne. Det er masse på programmet. Dersom du har tid blir det stort show kl. 12.45-13.45 i kinosalen for og med  elevane i 7.-10.klasse ved Skånevik og Enge
skular. MOT teamet har med artisten Chand og eige band. Her blir det profesjonelle og elevar på scena.

Alle er velkomne.

Send gjerne ei påmelding til siri.klokkerstuen@etne.kommune.no  slik at MOT sine inspirerande foredragshaldarar veit om lag kor stor forsamling dei møter.

 

Helsing
Etne kommune Lokalsamfunn med MOT

Elling Hetland                                                                      Siri Klokkerstuen
MOT-leiar                                                                             MOT-koordinator

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut