Sigve Sørheim Ordførar

Etne kommune har nulltoreranse mot mobbing

Les ordførar Sigve Sørheim sitt lesarinnlegg til Haugesunds Avis og Grannar om mobbing.

ETNE KOMMUNE HAR NULLTOLERANSE MOT MOBBING

Haugesunds Avis har i nettavisa 17.03 og i leiaren dagen etter eit oppslag om at elevundersøkinga 2012 viser at ungdomsskulen i Etne «nærmar seg mobbetoppen». Artikkelen viser til ein statistikk frå Bergens Tidende (BT). Statistikk kan lesast og tolkast på ulike måtar.

HA har referert nokre tal frå Elevundersøkinga (Utdanningsdirektoratet) for 7. og 10. klasse og kalla det resultat for ungdomsskulen. HA skriv at 7,15 prosent av ungdomsskuleelevane i Etne svarar at dei har vore med på å mobba – inntil fleire gonger i veka.

Det rette talet for ungdomsskulane er at ingen elevar seier dei mobbar ein eller fleire gonger i veka. Det er elevar som har oppgitt at dei har gjort det ein sjeldan gong eller 2-3 gonger i månaden. Resultata i 7.klasse viser at nokre elevar har mobba oftare. Dette er me aldri nøgde med, og det blir jobba systematisk kvar dag både med førebygging og handtering av mobbing på skulane.

Den same statistikken i BT viser derimot at berre tre kommunar i Hordaland har meir positive tal enn Etne når det gjeld kor mange elevar som aldri har tatt del i nokon form for mobbing.

Når det gjeld elevar som har opplevd å bli mobba dei siste månadene, viser Elevundersøkinga at
7. klasse er likt med landsgjennomsnittet og at 10. klasse scorar betre enn snittet. Resultata frå elevundersøkinga kan alle lesa på skoleporten.no.

For å få eit rett bilete av stoda m.o.t. mobbing, må ein vurdera alle spørsmåla i undersøkinga og kvalitetssikra informasjonen. HA har ikkje vore i kontakt med Etne kommune for å sjekka tala det blir referert til.

Ordføraren er godt informert om arbeidet som blir gjort med førebygging og handtering av mobbing, og har stor tillit til dei tilsette i skulane som følgjer opp dette dagleg.

Målet er at mobbing ikkje skal finnast. Ein elev som blir mobba er alltid ein for mykje.
 

Sigve Sørheim
- ordførar -
- sign -
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut