SvarUt

Etne kommune har teke i bruk SvarUt

Det vil sei at kommunen då på ein effektiv og trygg måte kan sende utgåande post, digitalt eller som brevpost, til innbyggjarar og bedrifter.

Det er KS som tilbyr SvarUt til kommunane. SvarUt formidlar post gjennom fleire kanalar. Innbyggjarar som har e-Boks eller Digipost som postkasse får posten der, då sett at avsendar har aktivisert kopling mot desse postkassane. Innbyggjarar elles og bedrifter får posten via Altinn.

Får du post til deg som privatperson?
For å få post frå det offentlege, må du vera registrert i kontakt- og reservasjonsregisteret. Dette er eit register over innbyggjarane sin kontaktinformasjon og reservasjon, og er ei fellesløysing som alle offentlege verksemder skal bruke i si tenesteutvikling. Registeret gir tilgang til innbyggjarane sin digitale kontaktinformasjon.

Oppdatere kontaktinformasjon
Innbyggjar oppdaterer sjølv kontaktinformasjonen i kontakt- og reservasjonsregisteret.
På hjelpesidene til ID-porten finn du informasjon om korleis du kontrollerer og oppdaterer opplysningane.
Her er og informasjon om, og framgangsmåte for, korleis du reserverer deg mot kommunikasjon på nett.

Kva om du ikkje opnar posten?
Innbyggjarar som ikkje opnar posten i Altinn i løpet av 2 virkedagar (altså ikkje laurdag og søndag), får dette ettersendt som normal brevpost. Det er ingen god idé! Det tar mykje lenger tid før du får posten, avsendaren får unødige utgifter og samfunnet produserer papir til inga nytte. Logg difor inn i Altinn og les posten der!

Bedrifter vil og normalt få posten ettersendt som normal brevpost, men bedrifter som er registrert i Enhetsregisteret kan ikkje reservere seg mot digital post. Dermed kan ikkje bedrifter krevje ettersending som brevpost.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut