Tinghus5

Etne kommune oppgraderer sitt sak- og arkivsystem

I høve oppgradering av Etne kommune sitt sak- og arkivsystem vil du som innbyggjar i ein periode kanskje måtte vente litt før du får svar på forespørslar til kommunen.

Frå og med 25. mai og ut veka vil vi måtte stengje ned sak- og arkivsystemet. Dette vil føre til at sakshandsamarane ikkje vil kunne sakshandsame saker denne veka. Det vil heller ikkje bli publisert postlister på heimesida til kommunen.

29. mai vil vi vere i drift i betre og oppgradert system. Dette vil både dei tilsette i kommunen og du som innbyggjar nyte godt av. Det vil i tida framover bli tatt i bruk fleire elektroniske løysingar som vil gjere sakshandsamingsprosessane enklare. Du som innbyggjar vil og etterkvart oppleve at dokument som er produsert av kommunen vil ha eit enklare og meir forståeleg språk.

Tips ein ven  Skriv ut