eFaktura

Etne kommune tilbyr eFaktura

Dei fleste innbyggjarane i kommunen har fått eller får snart ei rekning med kommunale avgifter i posten. No kan du i staden få den rett i nettbanken.

Med eFaktura får du rekninga rett i nettbanken i staden for i postkassen, ferdig utfylt med KID og det heile. Rekninga har same innhald og er like oversiktleg som dei rekningane du får på papir. Bonusen for alle er at me sparer miljøet for ekstra papir.

Alt du treng å gjera er å godkjenne betalinga i nettbanken. Viss beløpet ikkje stemmer, eller du ynskjer å endre forfallsdato eller konto beløpet skal trekkas frå, kan du gjere desse endringane i nettbanken. Du har full oversikt over betalte og ubetalte eFakturaer i nettbanken.

Du skal få tilbod om å opprette efakturaavtale når du betaler ei rekning i frå Etne kommune i nettbanken. Alternativt kan du opprette avtale ved hjelp av referansenummeret på ein faktura i frå Etne kommune direkte i nettbanken din. For meir info sjå www.efaktura.no eller tlf. 53 75 80 00.

Har du spørsmål kan du ta kontakt på faktura@etne.kommune.no

 
Mvh Etne kommune
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut