Fargerike prinsesse

Etne kulturskule: Ledige plassar i drama og teikning/maling

Etne kulturskule ønskjer elevane velkomne til nytt skuleår i veke 34 (20.-24. august).

Kulturskulen har ledige plassar i teikning og maling for elevar i aldersgruppa 5. – 9. klasse. Du kan få vera med og prøva deg 22. og 29. august før du evt. bind deg til påmelding dette skuleåret. Tidspunktet er onsdagar kl. 14.45, staden er formingslokala på Skakke og lærar er Ingeborg Eilerås.

Kulturskulen har også ledige plassar innan drama for elevar i 2. og 3. klasse.. Dersom du er interessert , kan du få vera med på dramaøving 23. og 30. august for å prøva – før du evt. bind deg til å vera med vidare. Dramagruppa med 2. og 3. klassingane øver torsdagar frå kl 14.45 – 16.15 i kulturskulelokala på Skakke. Dramalærar er Christina Sørnsen.

Interessert? Meld frå på kultur@etne.kommune.no eller berre møt opp til timen.

Det er også mogeleg å melda seg på musikk/instrumentopplæring. Me tar inn nye elevar dersom det skulle bli ledige plassar. Meir informasjon og påmelding her https://www.etne.kommune.no/kulturskulen.370884.nn.html

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut