Saman om ein betre kommune

Etne med i "Saman om ein betre kommune"

I eit brev frå Kommunal- og regionaldepartementet melder dei om at Etne kommune er tekne opp i programmet.

 

Som deltakar i programmet vert kommunen tildelt 300.000 kroner frå og med 2013.

Utviklingsprogrammet ”Saman om ein betre kommune” tar tak i nokre av dei viktigaste utfordringane i kommunesektoren – sjukefråvere, kompetanse/rekruttering, heiltid/deltid og omdøme. Regjeringa, KS og arbeidstakar- organisasjonane underskreiv ei avtale om samarbeidet måndag 14. mars 2011.

Kommunalministeren har saman med KS og arbeidstakarorganisasjonane teke initiativ til eit samarbeid om desse viktige områda i kommunesektoren. Eit tal kommunar vil få støtte til arbeidet sitt med å få redusert sjukefråveret og det uønska deltidsarbeidet, få auka kompetansen og rekrutteringa til dei kommunale jobbane og betra omdømet til kommunen.

Les meir på samanom.no

Tips ein ven  Skriv ut