Etne kommune på stand kom heim f1

Etne representert i Bergen

Som ein del av Studenttreff Sunnhordland i regi av Samarbeidsrådet i Sunnhordland, reiste ein delegasjon frå Etne kommune til Bergen for å presentere arbeidslivet i kommunen.

 

Dette treffet fann stad på hotell Norge i Bergen 1. november. Her kunne studentar i Bergen som har tilknyting til Sunnhordland få høve til å treffe mogelege framtidige arbeidsgjevarar innan offentleg sektor og det private næringslivet. Studentane blei også presentert for og registrert i den nye cv-databasen som Sunnhordland samarbeidsråd har laga.
 
Etne kommune hadde stand som blei besøkt av ulike faggrupper. Standen vår blei godt besøkt og det er vel ikkie så rart for Etne er ein flott plass i Sunnhordland!
 
Personane på biletet er Anna Steinsland; fagutviklingssjukepleiar i pleie og omsorg, ordføraren vår, Sigve Sørheim og u.t; Grethe Sandven Sølvberg.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut