Etne vidaregåande skule

Etne vidaregåande skule manglar hyblar til skuleungdom

Elevtalet ved Etne vidaregåande skule aukar framleis - og ungdomane kjem frå heile fylket. I år er det svært mange elevar som treng hyblar - og «vår hybelbank» er tom for fleire dagar sidan. Me vil difor appelere til bygdafolket om å rydde plass til ungdomar som ynskjer å gå på skule i Etne!

Etne vidaregåande skule ber alle som har ledige rom (gjerne sentrumsnære) om å ta kontakt med skulen snarast! Skulen kan vere samarbeidspartnar i lag med hybelvert, ungdomar og føresette for å førebyggje problem og konflikt i hybel-situasjonen.

Ring Etne vidaregåande skule på 53 77 10 40 om du har ledig rom!

Sjå annonse for meir info

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut