Rettleiarkorps

Etneskulen i utvikling

Etne kommune har hatt eit samarbeid med rettleiarkorpset frå Utdanningsdirektoratet dei siste 2,5 åra. Målsettinga med prosjektet har vore å få rettleiing til å auka kvaliteten i skulen. 

Samarbeidet har vore retta mot både kommunen som skuleeigar og mot skulane. I løpet av perioden gjennomførte Utdanningsdirektoratet  ekstern skulevurdering ved begge skulane noko som gav oss meir kunnskap om kva sterke og svake sider skulane våre har.

9. mai markerer me at  prosjektet med rettleiarkorpset vert avslutta. I den samanhengen vert det open dag på begge skulane der  skulane vil visa praktiske metodar og utviklingsarbeid i skulen.

Føresette og elles andre interesserte er velkomne til ei kort pedagogisk rundreise.
Tid og stad:
Enge skule gymsalen kl. 12.30-14.00
Skånevik skule kl. 12.00-13.50

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut