Du er her: Heim Tenester A-Å

Fastlege

Oppdatert: 16.08.2018 15:35
Generelt
Omtale

Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein namngjeven, allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen.

Fastlegen skal òg hjelpe deg med å velje behandlingssted, dersom du skal få behandling på sjukehus.

Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Du kan også fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel. Dersom du har foreldreansvar for born under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt. Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din, men du må bruke sjukeheimslegen så lenge du bur der.

På helsenorge.no kan innbyggjarane

  • sjå kva fastlege dei har
  • finna adresse og telefon til legen
  • sjå kva legar som har ledige lister
  • byte fastlege for seg og borna sine (busett på same adresse)
  • melde seg sjølv eller borna inn i eller ut av fastlegeordninga
Målgruppe

Alle som bur i Noreg. Personar med D-nummer som ikkje er asylsøkjere, har ikkje rett til fastlege.

Regelverk

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå blant anna

Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 og § 3-2
Pasient- og brukarrettslova § 2-1c og kapittel 7.


Lover
Helse- og omsorgstjenesteloven
Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskrifter
Forskrift om dekning av utgifter hos lege
Forskrift om fastlegeordning i kommunene

Rettleiing
Om reservasjon for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten (rundskriv)
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Dersom du flytter frå ein kommune til ein annan, må du melde flytting til Folkeregisteret. Du får eit brev frå Helsenorge om fastlegar som har ledig plass på lista i den nye kommunen. Du kan velje ein av dei, eller halde fram hos den fastlegen du allereie har.

https://helsenorge.no/behandlere/bytte-av-fastlege kan du søkje etter ein fastlege som du ønskjer å bruke. Du kan òg setje deg på venteliste dersom fastlegen du ønskjer ikkje er ledig.

Har du ikkje internett, ring Helsenorge på telefon 23 32 70 00. Ha fødselsnummeret ditt (11 sifre) klart før du ringer. Dei fortel deg om tilgjengelege fastlegar og set deg på lista til den fastlegen du ønskjer deg, så sant legen har ledig kapasitet

Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at bytet er registrert. Du får eit brev som stadfester at du har fått ny fastlege.

Skjema


Felles innlogging til offentlige tjenester
Klagemulighet

Dersom du ikkje er nøgd med fastlegen din, kan du bruke retten til å skifte. Du har rett til å skifte fastlege inntil to gonger kvart kalenderår.

Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Helse
Leder:Hilde Høyland
Kontaktpersonar
Hilde Høyland (Helseleiar)
Telefon: 53 75 81 21
Mobil:
Telefaks: 53 75 80 01
Epost: hilde.hoyland@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2018-08-16 15:35