chimney-1018488-m

Feiing i Etne kommune hausten 2013

På grunn av sjukemelding i feiarvesenet vil det i år bli konsentrert feiing i deler av Etne og Vindafjord kommune.

ETNE:

Det vert lagt opp til feiing i Etne i veke 42/43. Feiaren startar på Skåneviksstranda måndag 14. oktober, han feier seg vidare mot Skånevik og er på Håland i veke 43.

 

Dei som får dette brevet i posten vil få besøk av feiaren.

 

Værforbehold.

 

HUSEIGARS ANSVAR:

 

I ÅR VIL DET BLI FEIA SJØLV OM HUSEIGAR IKKJE ER HEIME OG DET ER DIFOR VIKTIG AT HUSEIGAR SYTER FOR AT:

 

 

FEIELUKE, OVNSTREKK EVT. PEISSPJELL ER STENGD.  DERSOM DETTE IKKJE ER GJORT KAN EIN RISIKERE AT HUSET/LEILIGHETA BLIR NEDSOTA. KOMMUNEN ER FRI FOR ANSVAR DERSOM DETTE SKJER.

 

Det er huseigar sitt ansvar å halde stige til feiaren. Stigen opp til tak skal ikkje setjast opp, men leggjast på ein slik plass at feiaren ser han. Fram til pipa skal det være stigetrinn eller stige som er festa på forsvarleg måte. Dersom dette ikkje vert gjort, vert ikkje pipa feia.

Når feiaren har gjort arbeidet sitt vil det bli skreve ut kvittering for at arbeidet er utført. Dersom huseigar er heime og ønsker det tek feiaren ut sotet. Dersom ikkje må huseigar sjølv ta ut sotet så snart som råd. Dersom det pågår arbeid på pipe eller ildsted slik at feiing ikkje kan utførast må feiaren få beskjed.

 

Feiaren kan nåast på tlf. 901 32 164

 

Ringetid til feiaren : 0700 – 0800 og 1600 –1700.

 

 

Sandeid 07.10.13

 

 

Solveig Hortman – leiar førebyggande avdeling

Odd Inge Vestbø og Oddvar Krakk

-brannsjefer i Etne og i Vindafjord

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut