Feiing og tilsyn med fyringsanlegg | ||||
Oppdatert: 16.10.2019 11:56 | ||||
Generelt | ||||
Målgruppe Eigarar av bygningar med pipe | ||||
Kriterium/vilkår Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på taket. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for at det er ein stige tilgjengeleg. | ||||
Samarbeidspartnarar Det er Haugaland brann og redning som utfører tenestene for Etne kommune. Haugaland Brann og Redning IKS Telefon: +47 91 91 01 11
| ||||
Regelverk | ||||
Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå òg brann- og eksplosjonsvernlova § 11 Brannvesenets oppgaver og forskrift om brannforebygging § 6 og § 17. Lover Brann- og eksplosjonsvernloven Forskrifter Forskrift om brannforebygging Rettleiing Veiledning til forskrift om brannforebygging | ||||
Praktiske opplysninger | ||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Eigarar av heilårsbustader med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret i kommunen, vil automatisk bli kontakta. Du får til vanleg levert varsel om feiing eller tilsyn i postkassa di dagen før. Dersom tidspunktet ikkje høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på annan måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje bli feid. Dersom du ikkje har gjort ny avtale medan feiaren er i området, må du rekne med å vente til neste runde. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg! | ||||
Sakshandsaming Feiaren skal vurdere forhold ved fyringsanlegget som har noko å seie for branntryggleiken eller tilkomsten. Er det avvik som ikkje kan rettast på staden, skal feiaren gje deg ei skriftleg tilbakemelding med frist for å rette eller frist for å gje tilbakemelding om når retting blir gjort. Tilsynsmyndigheita kan gje dei nødvendige pålegg dersom dette ikkje skjer. | ||||
Klagemulighet Er du ikkje nøgd med dei tenestene feiarvesenet gjer, så ta kontakt med kommunen. Klageinstans for vedtak som er gjort av brannsjefen, er klagenemnda i kommunen. | ||||
Kontaktinformasjon | ||||
Ansvarlig eining
| ||||
Andre opplysningar | ||||
Dato oppdatert 2019-10-16 11:56 |