Formannskapet

Felles formannskapsmøte for kommunane i Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Formannskapet i Etne deltok på det felles formannskapsmøtet for kommunane i Sunnhordland den 7. mars.

Tema for møtet var den nye kommunereforma, som regjeringa har varsla. Wictor Ebbesvik frå KS og Harry Herstad frå Stord innleia til debatt. Formannskapa drøfta deretter problemstillingar knytt til kommunestruktur og framtidige oppgåver for kommunane.

 

Kommunane skal seinare i eiga sak ta stilling til følgjande mandat:

 

  1. Kommunane i Sunnhordland er positive til at det i regi av Samarbeidsrådet vert henta inn kompetanse som kan gjennomføra eit scenario som skal vera vedtaksgrunnlag for val av vidare prosess knytt til kommunestruktur.
  2. Arbeidet må ta for seg ulike sider ved ny kommunestruktur slik at det gjer eit grunnlag til å gå vidare med ei utgreiing av ei eller fleire kommunesamanslåingar, eller å fortsetje som sjølvstendige kommunar med auka interkommunalt samarbeid.
  3. Det må takast kontakt med kompetansemiljø som kan gjennomføra dette arbeidet.
  4. Samarbeidsrådet vil venda seg til fylkesmann, KS og andre instansar for å be om tilskot til å gjennomføra ei slik vidare utgreiing. I tillegg til eigne midlar vil ein be om at kvar kommune skyter inn kr. 10.000,- til utgreiinga.

 

Regjeringa har sett ned eit eige ekspertutval, som etter planen skal komme med første delrapport i løpet av denne månaden. Elles er det signalisert at fleire føringar for arbeidet vil komme i kommuneøkonomiproposisjonen i mai.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut