Kulturdag 2020

Film frå Kulturdagen

Takk for sist på KULTURell ferieDAG til alle som var med i Etne og Skånevik!

Ein super dag med 170 barn og over 60 vaksne som boltra seg med ulike kulturelle aktivitetar. Ein særleg takk til aktivitetsleiarar som stilte opp på dugnad, til Montér Etne og Etne Stillasutleie som gav oss gratis varer og tenester, til Lono Film og Video som gav oss knallpris på foto-/filmjobben, til skate-foreldra som måla veggen på dugnad, til Skakke og Larsen Bakeri for god service, til skulane og Barnevernet for god samarbeid, til alle engasjerte tilsette og dugnadsvillige foreldre og andre eldsjeler. Og ikkje minst: takk til alle kjekke, ivrige og lærelystne barn og ungdommar som deltok! Håpar me ser dykk igjen på biblioteket, i kulturskulen og på andre kulturelle arenaer - og kanskje på ein ny Kulturdag i 2021?

Kos dykk med glimt frå dagen:

https://www.youtube.com/watch?v=P-EXm2KB-EU&feature=youtu.be&fbclid=IwAR04wAupTxt_v5hTq1oI8PJsFZn3g8onU7sQaUihXBhcK8ydpFNCamifq_A

Mvh Kultureininga

Tips ein ven  Skriv ut