Flygel 5

Flott gåve til Etne kommune

Sist søndag fekk Skånevik omsorgssenter eit flygel i gåve.

Flygel 5_550x309.jpg

Omlag 40 personar var møtt fra då det nye flygelet skulle inviast.

Cathrina og Pål Christophersen var gjevarar og Catharina og sonen Magnus på 12 år var dei første som haldt konsert på omsorgssenteret.

Den første eigaren av flygelet var songarinna Sophie Bull Grieg. Instrumentet vart overdrege til Catharinas foreldre, så ho og broren spela på det i barndommen.

Det var ei høgtideleg overrekking av flygelet til Skånevik omsorgssenter ved avdelingsleiar Merete Gravdal som takka og gav gjevarane blomar. Det same gjorde ordførar Siri Klokkerstuen som takka varmt på vegne av Etne kommune.

Flygel 2_200x356.jpg   Flygel 3_200x356.jpg

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut