Du er her: Heim Flyktningtenesta
Bedriftsbesøk

Busetting av flyktningar

 

Etne kommune har vedteke å busetje tolv flyktningar i 2013 og ti flyktningar i åra 2014 til 2016.

Kommunen skal legge til rette med husvære, barnehage og introduksjonsprogram.

Det statlege Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) peikar ut kva personar som skal kome til kommunen. Dei som kjem til Etne kommune har fått opphaldstillatelse og har venta i mottak i eit år eller meir. Det er flyktningar frå Somalia som IMDi har busett i Etne.

Introduksjonsprogrammet er eit heiltids opplegg over to år, med norskundervisning, samfunnsfag og språkpraksis og arbeidstrening som element. Flyktningane har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet. NAV utbetaler introduksjonsstønad for tida ein flyktning tar del i introduksjonsprogrammet.

Kommunen har bruk for praksisplassar for språk og arbeid i bedrifter. Det er NAV som har hovudansvaret for å skaffe dette.

For å sikre god integrering vil kommunen rekruttere venekontaktar og oppfordre foreiningar og lag til å invitere flyktningane med i arbeidet sitt.

Informasjonsbrosjyre

Introduksjonsprogram

 

 

 Målgruppe

 Flyktningar utpeikt av IMDi

 Kriterium/vilkår

 Opphaldstillatelse

  Regelverk

  Introduksjonsloven med retningsliner

 Lovar

 Introduksjonsloven

 

 Klagemulighet

 Det er ikkje høve til å klage på IMDi sitt vedtak om plassering i kommune.

 Det er klageadgang for tenester etter introduksjonsloven. Klageinstans er …

 For andre tenester gjeld klageadgang for tenesta, på lik linje som for andre 
 tenestemottakarar.

 

  Kontaktinformasjon:

 Ansvarlig eining

  Avdeling:

NAV

  Leder:

Jan Ivar Bringedal

 

 Kontaktpersonar

  Flyktningkonsulent Atle Aas

Telefon: 53 75 81 34

Mobil: 993 54 771

Telefaks: 53 75 80 01

Epost: atle.aas@etne.kommune.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut