Du er her: Heim Samfunn Politikk og valg

Førehandsrøysting 2013

Same kvar i landet du er busett kan du førehandsrøyste i kva for ein kommune du vil. Førehandsrøysta blir sendt til heimekommunen din.

Same kvar i landet du er busett kan du førehandsrøyste i kva for ein kommune du vil. Førehandsrøysta blir sendt til heimekommunen din.

Førehandsrøystinga startar 12.08.13 (vanlegvis 10.8. - men på grunn av helg vert det fyrste måndagen etter) og varer fram til og med 06.09.13.

I denne tida er det mogleg å førehandsrøysta kvar dag frå kl 09:00 – kl 15:00 på Tenestetorget i Etne Tinghus.

Det blir utvida med langdagar slik at torsdag 22.08.13 og onsdag 04.09.13 er ope for førehandsrøysting på Etne Tinghus og på Skånevik Omsorgssenter frå kl 17:00 – kl 20:00.

Onsdag 21.08.13 vert det førehandsrøysting på Åkrafjordtunet frå kl 16:00 – kl 18:00.

 

Helgeope

I tillegg blir det mogleg å førehandsrøysta 2 helger i Etne, 1 helg i Skånevik og 1 helg på Åkrafjordtunet:

Etne Tinghus
Laurdag 24. august 2013 13.00 - 15.00
Sundag 25. august 2013 14.00 - 17.00
Laurdag 31. august 2013 13.00 - 15.00
Sundag 1. september 2013 14.00 - 17.00

 

Skånevik Omsorgssenter
Laurdag 24. august 2013 13.00 - 15.00
Sundag 25. august 2013 13.00 - 16.00

 

Åkrafjordtunet
Laurdag 31. august 2013 16.00 - 18.00
Sundag 1. september 2013 17.00 - 19.00

 

AMBULERANDE RØYSTING
Dersom du p.g.a. sjukdom eller dersom du er ufør og av den grunn ikkje kan koma til vallokalet på valdagen den 09.09.13 og heller ikkje kan førehandsrøysta kan du søkja om å få røysta heime. Søknaden kan vera skriftleg eller du kan ta kontakt på tlf 53 75 80 00.

Søknad om slik røysting må vera Etne Valstyre i hende innan fredag 30.08.13. Ambulerande røysting vil bli gjennomført tysdag 03.09.13.

RØYSTING PÅ INSTITUSJON:
Skånevik Omsorgssenter:
Laurdag 24.08.13 frå kl 11:00 – kl 13:00

Etne Omsorgssenter:
Tysdag 27.08.13 frå kl 10:00 – kl 12:00