Val 2011

Førehandsrøysting m.m.

Står du i manntalet?

Namnet ditt må stå i manntalet om du skal kunne røysta ved kommune- og fylkestingsvalet den 12. september 2011.

Du kan kontrollere om du står i manntalet for Etne kommune. Manntalet er lagt ut til offentleg gjennomsyn frå ca midten av juli og fram til valdagen. 

Manntalet er lagt ut i Tenestetorget på Tinghuset. Du kan ringe på tlf 53 75 80 00 kvar arbeidsdag frå kl 09:00 – kl 15:00 for å høyra om du står i manntalet.

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er teken imot i folkeregisteret innan 30. juni 2011, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du kan då velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen du flytte frå eller om du vil førehandsrøysta.

Dersom nokon meiner at ein sjølv eller andre med urette er innført eller ikkje er teken med i manntalet, kan ein krevja at valstyret rettar opp feilen.

Melding om oppdaga feil må sendast til valstyret sitt sekretariat

 

 

FØREHANDSRØYSTING

Same kvar i landet du er busett kan du førehandsrøyste i kva for ein kommune du vil. Førehandsrøysta blir sendt til heimekommunen din.

Førehandsrøystinga startar 10.08.11 og varer fram til og med 09.09.11. I denne tida er det mogleg å førehandsrøysta kvar dag frå kl 09:00 – kl 15:00 på Tenestetorget i Etne Tinghus.

Det blir utvida med langdagar slik at torsdag 25.08.11 og torsdag 08.09.11 er ope for førehandsrøysting på Etne Tinghus og på Skånevik Omsorgssenter frå kl 17:00 – kl 20:00.

Torsdag 01.09.11 vert det førehandsrøysting på Åkrafjordtunet frå kl 16:00 – kl 18:00

I tillegg blir det mogleg å førehandsrøysta 2 helger i Etne, 1 helg i Skånevik og 1 helg på Åkrafjordtunet:

Etne Tinghus:
Laurdag 27.08.11 frå kl 13:00 – kl 15:00
Sundag 28.08.11 frå kl 14:00 – kl 17:00
Laurdag 03.09.11 frå kl 13:00 – kl 15:00
Sundag 04.09.11 frå kl 14:00 – kl 17:00

Skånevik Omsorgssenter:
Laurdag 27.08.11 frå kl 13:00 – kl 15:00
Sundag 28.08.11 frå kl 13:00 – kl 16:00

Åkrafjordtunet:
Laurdag 27.08.11 frå kl 16:00 – kl 18:00
Sundag 28.08.11 frå kl 17:00 – kl 19:00

AMBULERANDE RØYSTING
Dersom du p.g.a. sjukdom eller dersom du er ufør og av den grunn ikkje kan koma til vallokalet på valdagen den 12.09.11 og heller ikkje kan førehandsrøysta kan du søkja om å få røysta heime. Søknaden kan vera skriftleg eller du kan ta kontakt på tlf 53 75 80 00 eller tlf 53 75 80 30.

Søknad om slik røysting må vera Etne Valstyre i hende innan 02.09.11. Ambulerande røysting vil bli gjennomført onsdag 07.09.11.

RØYSTING PÅ INSTITUSJON:
Etne Omsorgssenter:
Tysdag 30.08.11 frå kl 10:00 – kl 12:00
Skånevik Omsorgssenter:
Laurdag 27.08.11 frå kl 11:00 – kl 13:00


Sigve Sørheim
Leiar i valstyret

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut