Skilt

Førehandvarsel om tildeling av vegadresser i Etne kommune

I medhald av Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova) kap 4, §21 og tilhøyrande forskrifter kap 12, §§49 -59 varslar Etne kommune med dette om tildelinga av vegadresser i Etne kommune.  

Sørstrandsvegen, Jørgen Hopland_1000x1432.jpgArbeidet med å skilte vegane er godt i gang.

Adressetildelinga kan ein sjå på www.kommunekart.com  
Der søkjer du først opp Etne kommune, deretter markerer du kartlag Vegnamn og Planlagt adresse.
For å sjå dette i kartet må du zoome kraftig inn.

Under finn du vegar / område som ikkje er omfatta av adressetildelinga i denne omgang, 6 vegnamn er det reist namnesak for og desse er heller ikkje med i denne omgang.


Namnesak:

Matskårsvegen

Vedlen

Auastadstølen

Skomdalsvegen

Tjellevegen

Flåtevegen


Områdeadressering:

Mosnes, Mosdalen og Hjortedalen

Teigen

Eintveit

Bjelland

Strond

Hammarsland

Kvanndal

Grindheimstølen

Fjellvegen

Taraldsøy

Det er ein god del hytter i fjellet som ikkje har fått adresser ennå.


Etter matrikkellova § 21 har dei som vert råka av adressetildelinga høve til å uttale seg. Uttaleretten gjeld kva for veg adresseobjektet er knytt til og kva for adressenummer den enkelte eining skal ha.
Ved å vende seg til Tenestetorget kan ein få ytterlegare opplysningar om adressetildelinga.

Eventuell uttale må vere grunngjeven og sendast Etne kommune Utvikling innan 3 veker frå kunngjeringsdato.

Når endelege vegadresser er tildelt vert den enkelte grunneigar varsla direkte i eige brev.

 

Skilt.jpg

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut