Etne, august 2013 042_1024x685

Første "spadetak" for E134 i Stordalen

Torsdag kunne ordførar Sigve Sørheim setje seg i gravemaskina og offisielt opne arbeidet med ein betre E134 gjennom Stordalen.

Etne, august 2013 042_1024x685
.
Etne, august 2013 026
.
Etne, august 2013 034
.

Ordføraren, formannskapet og representantar frå kommunen var til stades under opningsseremonien. Prosjektleiar Rolf Harkestad i Statens Vegvesen var også til stades og glad for at arbeidet endeleg er i gang. Arbeidet med å rydde skog er allerede begynt, denne dagen var det gravearbeidet som fekk sin start.

Entreprønøren Kruse Smith skal stå for utbygginga, og det vil vere opptil 60 anleggsfolk i arbeid.

4,5 kilometer skal leggjast i ny trasè frå Lauareid og vestover til Bakka. Her kjem det to tunnelar på ca. 1.190 og 160 meter. Elles vert det ein del arbeid med fleire sidevegar og gong- og sykkelvegar.

Vegprosjektet har ein kostnad på 450 millionar kroner, som er over 100 millionar meir enn overslaget i Nasjonal transportplan. Dette skal dekkast inn med bompengar og statlege midlar.

Noverande veg vil stort sett vera open, det skal lagast planar for trafikkavvikling undervegs.

Flunka ny veg skal stå ferdig i slutten av 2015.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut