NVE u_tekst

Folkemøte om ny 420 kV leidning

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) arrangerer møte på Skånevik Fjordhotell onsdag 6. september 2017 kl. 19.30

NVE har motteke melding frå Statnett om ein ny 420 kV leidning frå anten Blåfalli eller Sauda til Gismarvik/Håvik.
Grunngjevinga for meldinga er forventa auke i forbruket på grunn av industriutvikling og privat forbruk.

På møtet vil NVE orientere om den formelle handsaminga av meldinga, medan Statnett vil orientere om prosjektet. Alle er velkomne til møtet. Meldinga er lagt ut til offentleg gjennomsyn i Etne og Kvinnherad kommunar.

Høyringsdokument

Dokumenta er òg lagt ut elektronisk på www.nve.no/kraftledninger.
Nærare opplysingar kan fåast ved å kontakte NVE v/ Solveig Willgohs på tlf. 22 95 92 45.

Alle som har meiningar om saka kan sende fråsegn til Norges vassdrags- og energidirektorat, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo eller nve@nve.no innan 29. september 2017.

Vel møtt!

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut