vindafjordetne

Folkerøysting

Manntal og førehandsrøysting

Manntal:
Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røysta ved røystedagen måndag 26. september.
Du kan kontrollera om du står i manntalet i manntalslistene som til og med røystedagen er lagde ut ved Etne tinghus og ved Vindafjord rådhus.
Du kan også ta kontakt med sentralbordet i Etne kommune og i Vindafjord kommune, som kan gi deg svar på om du står i manntalet. 

Førehandsrøysting:
Førehandsrøysting kan gjerast til og med fredag 23. september ved Etne tinghus mellom kl. 0900 og kl. 1500 og ved Vindafjord rådhus mellom kl. 0800 og kl. 1530.

I tillegg er det utvida opningstider både ved Etne tinghus og ved Vindafjord rådhus slik:
Laurdag 17. september frå kl. 1100 – kl. 1400, og onsdag 21. og torsdag 22. september frå kl. 1530 – kl. 1800.

Ved institusjonane er det førehandsrøysting slik:
Ølen omsorgssenter        torsdag 15. september frå kl. 1130 – kl. 1230
Vindafjordtunet                fredag   16. september frå kl. 1130 – kl. 1230
Skånevik omsorgssenter torsdag 22. september frå kl. 1000 – kl. 1100
Etne omsorgssenter        torsdag 22. september frå kl. 1200 – kl. 1300
 

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan møta fram i vallokalet eller der førehandsrøysting går føre seg, kan du be om å få røysta der du oppheld deg. Du må i så fall ta kontakt med Etne kommune eller med Vindafjord kommune seinast innan tysdag 20. september kl. 1530.

 

Det er også mogeleg å førehandsrøysta pr. brev. Sjå kommunane si heimeside for meir informasjon om dette.

Informasjon og kontakt med Etne kommune får du på tlf. 53 75 80 00 og med Vindafjord kommune på tlf. 53 65 65 65.

Hugs legitimasjon ved førehandsrøystinga!

 

Vindafjord valstyre                             Etne valstyre

Ole Johan Vierdal                              Siri Klokkerstuen
leiar                                                    leiar
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut