Fond kraftkontrakten

Frå 2020 har kommunen oppretta eit fond som skal støtta tiltak som bidrar til å fremja kultur, idrett og frivilligheit. Bakgrunnen er ein avtale mellom Etne kommune og Etne El-lag om overføring av ein konsesjonskraft-kontrakt.

Det blir gitt tilskot til

  • prosjekt, tiltak og aktivitetar av eingongskarakter
  • investering i varige driftsmidlar

Støtta kan gjevast i form av både lån og direkte tilskot.

Vedtekter for Fond kraftkontrakten

Kven kan søkja?

  • Lag, organisasjonar og kommunale tiltak innan Etne El-lag sitt tidlegare konsesjonsområde.

Søknadsfrist

  • 31. august

Slik søkjer du

Søknadsskjema Fond kraftkontrakt
(Ta kontakt om du ønskjer fylla ut skjemaet på papir).
Søkjar får svar med eventuelt tilsegn eller avslag i slutten på oktober.

Rapport og utbetaling

Midlane blir utbetalte til søkjarane etter dokumentert gjennomføring av tiltaket.
Rapportskjema Fond kraftkontrakten 

 

 

Tips ein ven  Skriv ut