Foreldrekurs om engstelege barn

Engstelege barn

Korleis kan du som forelder forstå og hjelpe barnet ditt når det vegrar seg i kvardagen

2018-01-04

Kva vil vera hjelpsom og ikkje-hjelpsom foreldreatferd og kva tid er det behov for meir hjelp?Å vere engsteleg er svært vanleg blant barn og ungdom. Nokre engstar seg for å vere vekke frå foreldre, for sjukdom eller for nye ukjente situasjonar. Andre kan engste seg for hundar, edderkoppar, sosiale situasjonar eller situasjonar der dei skal prestere noko.For nokon kan vanskane føre til at det er vanskeleg å delta i aktivitetar på skulen og i fritida, og at trivsel i kvardagen vert redusert. Når eit barn er engsteleg kan dette også føre til utfordingar for familien i kvardagen.
 

Me tilbyr todagars foreldrekurs/opplæring ifht. engsteleg barn. Begge foreldre bør delta.

Stad: Enge skule – auditoriet ungdomsskulebygget

Måndag 15.01. kl. 14.30 – 16.00

Måndag 29.01 kl. 14.30 – 16.00

Kursleiarar:

Helsesøster Margaret Bull Tornøe – vidareutdanning i barn og unges psykiske helse

Helsesøster Elin Grindheim Hovda – vidararutdanning i sped- og småbarns psykiske helse.

Første samling: kva er angst, utviklingsangst, vegringsatferd, ikkje hjelpsam foreldreatferd og hjelpsam foreldreatferd. Me går igjennom måtar kor foreldre eller andre omsorgspersoner kan hjelpe barnet med å handtera  angsten sin på en meir hensiktsmessig måte. Me gir med hand-outs som inspirasjon ift. å prøve ut desse nye tiltaka heime.

Andre samling har fokus på det som er skjedd sidan sist: kva er hjelpsam og ikkje hjelpsam foreldreatferd i praksis? Mogelegheit for spørsmål og diskusjon av erfaringar siden sist.

Påmelding innan fredag 12.01. til:

Elin Grindheim Hovda, leiande helsesøster Tlf: 48 89 2022 og mail: elin.grindheim.hovda@etne.kommune.no

Tip a friendTips ein ven