Forhandlingar utbyggingsavtale

Omlegging av tilkomstveg og framføring av leidningsnett for 5 tomter og ein leikeplass på Lundmark i Skånevik.

 

I samsvar med plan og bygningslova § 17-4, kunngjør Etne kommune med dette at det er starta opp forhandlingar med Johansen Rør AS med føremål å inngå ein utbyggingsavtale om omlegging av tilkomstveg og framføring av leidningsnett for 5 tomter og ein leikeplass på Lundmark i Skånevik.

Føremålet med avtalen er å sikre god og effektiv gjennomføring av planane for utbygging av området, og regulere partane sine rettar og pliktar.

Eventuelle spørsmål og merknader til avtalen kan rettast til Etne kommune v/Utvikling, Tinghuset, Postboks 54, 5591 Etne, post@etne.kommune.no, eller på telefon 53 75 82 30. Merknader må leverast skriftleg innen 17.juni 2014

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut