Olav Vik veg

Framlegg til kommunal planstrategi Etne kommune 2016-2020

Offentleg ettersyn.

Olav Vik veg.jpg
FOTO: ROAR BÆVRE

I samsvar med plan- og bygningslova § 10-1 har Etne kommune lagt framlegg til kommunal planstrategi for perioden 2016 til 2020 ut til offentleg ettersyn.

 

Planstrategien har som føremål å klargjera kva oppgåver kommunen bør starta opp, eller vidareføre, for å legge til rette for ei ønska utvikling i kommunen. Strategien er ikkje ein plan, men eit verktøy for å vurdera prioritering av planoppgåvene i  kommunestyreperioden. I følgje lovverket bør strategien innehalde ei drøfting av kommunanes strategiske val knytt til:

  1. utviklingstrekk og utfordringar knytt til samfunn og miljø
  2. langsiktig arealbruk som tek omsyn til samspelet mellom utbygging og vern
  3. sektorane sitt planbehov
  4. vurdering og prioritering av planoppgåver og behovet for revisjon av kommunale planar

Grunngjevingar og førebels merknadshandsaming finn ein i den vedlagte politiske saka. Etne kommune sin folkehelseoversikt er vedlagt som eit grunnlagsdokument.

 

Har du uttale til framlegget av planstrategien, kan dei sendast skriftleg til kommunen innan 15. oktober 2016. Merk innspelet «Uttale til planstrategi 2016».

 

Uttale sendast til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: post@etne.kommune.no

 

Kontaktperson: Sven Selås Kallevik

                               sven.selas.kallevik@etne.kommune.no

Tlf. 53 75 82 39

 

For meir informasjon sjå:

 

Framlegg av kommunal planstrategi for Etne kommune 2016-2020

Politisk sak – kommunal planstrategi Etne kommune

Folkehelseoversikt Etne kommune

Statistikkgrunnlag for Etne kommune

Planstrategi for Etne kommune 2012 - 2016

 

 

Kommunal planstrategi - rettleiar

Kommunal planstrategi i plan- og bygningslova

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut