Framleis byggeforbud i strandsona

Du må framleis søkje om dispensasjon for å bygge mindre enn 100 meter frå vatnet. Regelendringane som tredde i kraft 1. juli, opphevar ikkje byggeforbudet i strandsona.

- I følgje plan- og byggingslova er det forbode å bygge i eit 100 meter breitt belte langs strandsona. Dette gjeld også på privat eigedom, og for bygningar som er mindre enn 50 kvadratmeter, sier Hanna Fossen-Thaugland, som er plansjef hos Fylkesmannen i Vestfold.

Denne regelen gjeld framleis, til tross for forenklingar i anna regelverk. Alle byggetiltak i strandsona må ha ein dispensasjon frå lovforbudet, og er derfor søknadspliktig. Avisoppslag dei siste vekene har kunna villeie folk til å tru at ein også innanfor 100-metersbeltet kan for eksempel bygge ein garasje på 50 kvadratmeter utan å søkje, noko som ikkje er tilfelle.

Les meir her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut