Corona2

Framleis stabilt i Etne

Informasjon frå smittevernlegen

Det er til nå berre registrert 4 personar med Covid-19 i Etne. Det har ikkje vore nokre nye tilfelle dei siste vekene.

Det er nå opna for born i barnehagane, og 1. til 4. klasse er godt i gong med skulekvardagen. Dette har resultert i endringar i testkriteriene for Covid-19. Dersom born eller tilsette i barnehage eller skule blir sjuke så blir dei testa for Covid-19. Ein må ha symptom på luftvegsinfeksjon med feber, hoste eller tungpust. Symptoma skal ha vart i 2 dagar før det er aktuelt å teste for Covid-19. Det er lege som skal vurdera om det er grunnlag for testing. Det er viktig at man ikkje møter opp på legekontoret, men ringer/sende sms og ber om telefontime.

Testing for Covid-19 føregår i Ølen etter avtale med fastlege/legevakt.

Samfunnet skal gradvis opne opp igjen. Det er nå svært viktig at me som innbyggjerar har fokus på smittevernstiltak som avstand til andre, unngå unødige reiser, god hand- og hostehygiene mm. Ved å fylgje desse råda kan me avgrense utbrotet av Covid-19.

Frå 7. mai opnar ein for arrangement for inntil 50 personar på offentleg stad. Vidare skal man overhalde 1-meters regelen mellom personar som ikkje er frå same husstand. Det skal også være ein arrangør som skal halde oversikt over arrangementet og kven som deltar. For å halde god kontroll på smitteveiene av Covid-19 blir det nå opna for å teste alle som får luftvegssjukdom. Kriteriene er dei same som for born og tilsette i barnehagar og skular. Altså, 2 døgn med luftvegssymptom med feber, hoste eller tungpusta.

Eg håpar at flest mogleg nå har lasta ned "Smittestopp"-appen frå Folkehelseinstituttet som vil varsle om ein har vore i nærkontakt med ein smitta person. Appen vil bidra at du får rask beskjed dersom du har vore utsett for smitte, og gi deg råd om kva du skal gjere vidare.


For meir informasjon kan de lese på helsenorge.no
https://helsenorge.no/koronavirus/arrangement-og-aktiviteter


Med venleg helsing
Elisabeth Winterthun
Smittevernslege

Tips ein ven  Skriv ut