Friluftsliv

I Etne kommune har vi eit variert tilbod av friluftsområde frå fjord til fjell, med ulik grad av opparbeiding. Fleire av områda har verdiar utover det reint lokale, og er blant våre viktigaste turistattraksjonar. Etnefjella representerer høgfellet på Haugalandet, med varierte tilbod heile året, i tillegg til einskildattraksjonar som t.d. Langfoss. I låglandet er Olav Vik-området på Osnes blant dei mest tilrettelagde, saman med Taraldsøy på Skånevikstranda.

Mange andre område, t.d. postvegane våre, rasteplassane i Stordalen og bøkeskogen i Skånevik, er fine turmål. For den som ønsker naturopplevingar meir utanom det vanlege, er Vannes i Skånevik, jettegrytene i Rullestad og villmarka på nordsida av Åkrafjorden tre moglege område å vitja.

Mykje av kommunen sitt arbeid med friluftsliv er knytt til opparbeiding og drift av friluftsområde, og ulike infotiltak. Frilufts- og naturområde inngår òg i dei fleste arealplanane i kommunen, og fellesgodene vert på den måten sikra.

Les meir på nettside om Etnefjella.

Friluftsrådet VEST har ansvar for fleire av friluftsområda våre. Her kan du også lese om den populære turportalen TellTur der du kan halde oversikt over turane dine og samtidig konkurrere med deg sjølv og andre om å nå stadig nye turmål, sanke poeng og vera med i konkurransar.

Andre aktuelle linkar:
Værstasjon på Hjørnås / Etne Røde Kors Hjelpekorps
Haugesund Turistforening

Allemannsretten

Der ligg både rettar og plikter blant ferdselsreglane i Norge. Reglane er nedfelt i Friluftsloven . Meir info om allemannsretten på sidene til Direktoratet for naturforvaltning .

I Etne er der utvida båndtvang, nemleg frå 1. april - 31. oktober. Ta elles særleg omsyn reglane om bålbrenning og ferdsel i innmark. Bading i lakseelvane er normalt ikkje tillete i fiskesesongen.

Om fleire friluftstema / Miljøstatus i Norge.

Miljøverndepartementet / Friluftsliv , inkl. liste over andre nettsteder.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut