Johnny Vaet Nordskog

Friluftslivets veke

1.-9. september er det Friluftslivets veke over heile landet. I Etne har frivillige lag og organisasjonar gått saman om fleire arrangement denne veka.

Frivilligsentralen er i spissen, kommunen er med på laget og velvillige støttespelarar frå næringslivet dekkar kostnaden slik at det blir gratis for alle å delta. Håpet er å lokka både drivne friluftsfolk og nye deltakarar ut i naturen og la alle oppleva gleda ved friluftslivet. Det blir tilbod om transport og lån av utstyr for dei som treng det.

Meir informasjon:

Laurd. 1.-2. sept. Aktivitetsdag og #nattinaturen på Osnes https://friluftslivetsuke.no/aktivitet/natt-i-naturen-5/

Onsd. 5. sept: Tur til Hålandshovda https://friluftslivetsuke.no/aktivitet/tur-til-halandshovda/

Laurd. 8. sept. Tur til Hodlestadnuten https://friluftslivetsuke.no/aktivitet/tur-til-hodlestadnuten/


Annonse friluftlivets uke.jpg

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut