Kvardagsrehabilitering

Frisk satsing på kvardagsrehabilitering for kommunane Sauda, Suldal, Vindafjord og Etne

Fra: Kva er problemet du vil ha hjelp til?

Til: Kva er viktige aktiviteter i livet ditt nå, som du ynskjer å meistra?

Om helsesamarbeidet innan VESS kommunane vert ståande eller ikkje - Alle fire kommunane er  med i KS sitt nettverk for innføring av kvardagsrehabilitering saman med  kommunar frå ulike landsdelar. 18 representantar frå dei ulike VESS kommunane var med i oppstarten på Gardemoen 21 og 22 april. Me har fått innføring i fakta, suksesskriterium, statistikk og gode erfaringar. Kommunane har delt erfaringar og KS vil gjennom dette nettverket støtta opp om kommunane slik at kommunane kan koma i gang med arbeidet.

 

Det er ei målsetting med denne satsinga å stimulera til betre kvardagsmestring og å kunne bidra til at fleire kan få delta i det som er viktig for den enkelte. Auka livskvalitet og å tilføra liv til åra framfor år til livet er eit motto.

Ved å stimulera til at deltakarane i denne satsinga meistrar meir enn før, fører dette igjen til auka mestring og trivsel hjå personale.

 

Kvardagsrehabilitering er rehabilitering og førebygging medan deltakarane bur i eigen heim. Arbeidsforma er basert på å endra den tradisjonelle tenkemåten innan pleie- og omsorg frå :

 

Fra: Kva er problemet du vil ha hjelp til?

Til: Kva er viktige aktiviteter i livet ditt nå, som du ynskjer å meistra?

 

 

Pilotundersøkjing viste at vedtakstimar og hjelpetilbod gjekk ned  og alle som var med fekk mindre vedtak etter endt deltaking enn dei hadde som utgangspunkt i ordinært tilbod.

Kvardagsrehabilitering utset ikkje berre sjukeheimsinnlegging, men det fører også til mindre behov for andre heimetenester. Bodø kommune hadde denne satsinga som sentral i sitt planverk for å unngå behov for fleire sjukeheimsplassar. Kommunar over heile landet ser nå på slik satsing som eit vertøy som gjer effekt.

Dette bidreg ikkje minst til haldingsendring. Fokus må flyttast bort frå å sjå på eldre som pleietrengande. Eldre er menneske med ressursar og dei meistrar mykje sjølv om helsa sviktar. Det er dette me må halde fokus på .

 

Kursdeltakarane har fått inspirasjon og er klar for denne satsinga. Gjennom interkommunale vedtak har alle kommunane vore klare på at dette er ei satsing me ynskjer.

Dette er starten på ei ny tid, ein ny kultur skal me byggja med bakgrunn i det me har lært. Me gler oss!

Gruppa vil gjerne dela informasjon etterkvart som arbeidet tek form. Meir informasjon vil bli gitt etter neste nettverkssamling i august.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut