Du er her: Heim Tenester A-Å

Friskliv, læring og mestringstilbod

Oppdatert: 27.01.2018 16:31
Generelt
Omtale

Etne kommune har i dag ein integrert modell for friskliv, læring og meistringstilbod. Det vil seia at dei ulike tenestane i kommunen arrangera tilboda. Omgrepa friskliv,læring og mestring omfattar førebyggjande, helsefremmande og det å læra å leva med ulike helseutfordringar. Tilboda kan vere individuelle og i grupper. 

 

Målgruppe

 

Born, unge, vaksne og pårørande som kan ha nytte av tilbod for å førebyggja -og hindre utvikling av sjukdom og/eller lære å mestre livssituasjonen sin.

Samarbeidspartnarar

Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere

  • arbeidsgjevarar
  • brukar- og innvandrarorganisasjonar
  • fastlegar
  • frivillige organisasjonar
  • Nav
  • private aktørar
  • spesialisthelsetenesta

Læring og mestringssenteret Helse Fonna

Regelverk

For å oppfylle ansvaret etter § 3-1 i helse- og omsorgstenestelova skal kommunen mellom anna tilby helsefremjande og førebyggjande tenester.



Lover
Helse- og omsorgstjenesteloven
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Brukar/pasient/pårørande kan ta kontakt med aktuelt helsepersonell.

For generell informasjon og kva friskliv, læring og mestringstilbod kommunen har ta kontakt med  koordinerande eining.  

Kontaktpersonar
Hilde Høyland (Helseleiar)
Telefon: 53 75 81 21
Mobil:
Telefaks: 53 75 80 01
Epost: hilde.hoyland@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2018-01-27 16:31