Frivilligsentralen i Etne og Skånevik

Frivilligsentralen har som mål å stimulera til auka frivillig aktivitet, og ta vare på og utvikla det organiserte og uorganiserte frivillige arbeidet i Etne kommune. For å oppnå dette, ønskjer vi å ha tett kontakt med lag og organisasjonar i bygdene.

 

Etne frivilligsentral.png

Frivilligsentralen er eit bindeledd mellom einskildpersonar som ønskjer å yta ein ubetalt innsats i nærmiljøet og einskildpersonar som ønskjer å ta i mot slik innsats. Vi organiserer aktivitetar for auka trivsel og tryggleik, så som:

 

  • Hjelpa med førebyggjande arbeid for barn og unge.
  • Skape trivsel for personar i utsette grupper.
  • Motvirka isolasjon av einskildpersonar
  • Formidla praktisk hjelp til einskildpersoner, i tillegg til offentlege tenestetilbod.

             

Ved Etne frivilligsentral kan du delta – som gjest, medhjelpar eller mottakar - i allereie etablerte aktivitetar og prosjekt, eller du kan komma med ønskjer og forslag om andre ting du kan tenkja deg å gjera. Vi har mange flinke hjelparar, men treng fleire. Utfordringane er mange!

 

Frivilligsentralen kan alle høyre til. Så ta kontakt, dersom du kan tenkja deg å bruka litt av tida di på å hjelpa andre.

Årsmelding for 2019 finn du her.

Årsmelding for 2018 finn du her.

Dagleg leiar er Solveig Kvamme.

Nettside: etne.frivilligsentral.no

Sjå også: https://www.facebook.com/etne.frivilligsentral

 

Etablerte aktivitetar:

Faste aktivitetar på "ståvo":

  • Ettermiddagskaffi
  • Middag på Ståvo
  • Sitjedans
  • Rusletur (turar for alle. Vi tar med bebuarar på omsorgssenteret)
  • Seniortrim
  • Bingo
  • Åresal med Røde Kors
  • Andakt
  • Måndagskaffien (eit samarbeid med psykisk helse, stad: Omsorgssenteret i Skånevik)
  • Onsdagsturen (eit samarbeid med psykisk helse, turar i Etne og Skånevik)

Andre aktiviteter i regi av Frivilligsentralen:

  • Kompis (Eit samarbeid med Vindafjord Frivilligsentral)
  • Kveldskafè for personar som er ramma av kreft og-/eller pårørande (Eit samarbeid med Vindafjord Frivilligsentral)
  • "RødRulle" EL-sykkel med korg for 2 passasjerar
  • Seniortur (kvart år i mai/juni)
  • Den kulturelle spaserstokk (profesjonell underhaldning på Omsorgssenteret)
  • Frivillighetens dag (fest for dei frivillige kvart år i desember)
  • Friluftslivets uke (årleg arrangement i lag med andre org)
  • Ungdomsklubb i Etne og Skånevik
  • Mekkestasjon i Etne og Skånevik
  • Språkkafe
  • Skaffar besøksvenn og turvenn
  • Følgehjelp
  • Sosial treff med middag på Skånevik Fjordhotell
  • Datahjelp til nybegynnere

Andre Faste aktivitetar på Omsorgssenteret i Etne:

  • Bingo
  • Allsang
  • Den glade tralle "Trille". Ei kiosktralle. (Eit samarbeid med Etne Røde kors)

Faste aktiviteter på Omsorgssenteret i Skånevik:

  • Karaprat
  • Gladsong
  • Seniortrim
  • Haustfest og vårfest (musikk, mat og åresal)

Prosjekt Gapahuk:

  • Gapahuk blei gjennomført som planlagt! Den blei opna under postvegmarsjen 02.06.2019. Rundt 150 menneske hadde tatt turen opp på Varleite for å få med seg opninga.
    (Varleite er ca. halvegs mellom Skånevik og Etne)
  • Prosjekt Gapahuk.pdf

 

Frivilligsentralen yter ikkje tenester i konkurranse med yrkesutøvarar. Sentralen er heller ikkje ei erstatning for offentlege tenestetilbod, men eit supplement til etablerte hjelpetenester.  

Hovudkontor er i Etne, medan Skånevik har kontordag onsdagar i partalsveker (kl. 10.00-14.00).

 

Kontor:
Etne bustadskiping - tlf. 902 38 354
mail: 
frivillig.etne@gmail.com

Skånevik omsorgsenter

kto. 3543.13.38457 -  Adresse:  boks 48, 5591 Etne

Tips ein ven  Skriv ut