Skånevik - Flesjo

Fv. 48 Skånevik–Flesjo

Oppstart av planarbeid

Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune skal i samarbeid med Etne kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan for fv. 48 Skånevik–Flesjo, og ber om innspel til arbeidet.
Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8.Planarbeidet gjeld utbetring av fv. 48 på strekninga Skånevik–Flesjo, samt etablering av fortau på delar av strekninga.

Føremålet med planarbeidet er å sikra naudsynt areal til køyreveg, fortau, kryss og avkøyrsle, anna vegareal og samstundes sikre areal til gjennom-føring av prosjektet.

Sidan planarbeidet er i samsvar med gjeldande kommuneplan og regule-ringsplan for området, er det ikkje naudsynt med konsekvensutgreining for planarbeidet, jamfør Forskrift om konsekvensutredning for planer etter plan- og bygningsloven.

Vi ber om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar innan 3. februar 2017. 

Send dette skriftleg til:Statens vegvesen eller

firmapost-vest@vegvesen.no 

Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger

Merk brev/e-post med «16/15572»

For informasjon om planarbeidet kan Kari Veseth Kinden kontaktast på e-post: kari.kinden@vegvesen.no
 

Flesjo.bmp

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut