Etne sentrum_460x307

Fylkesmannen i Hordaland på visitt

Kommunedelplan for Etnesjøen var hovudtema under besøket.

Ordførar Sigve Sørheim har dette å sei om besøket:
På sitt besøk onsdag 01.06. gav fylkesmann Lars Sponheim uttrykk for at kommunedelplanen for Etne sentrum slik den ligg føre no, er ein god plan, samtidig som det var på ytterkanten av det han som fylkesmann kunne vera med på i forhold til dyrka mark. Som ordførar synes eg det var ein god dag og eit godt møte med Fylkesmannen og hans folk. Det blei dagen då me fekk gevinsten for å ha valgt å gå i dialog med fylkesmannen.

Alt tyder då på at Fylkesmannen går god for utbyggingplanane til Felleskjøpet og Coop, men han er klar på at det er heilt uaktuelt å utvida sentrumsareala meir enn det som no ligg i kommunedelplanen. Rådet frå Sponheim til politikarane i Etne var å følgja reguleringsplanen og ikkje søkja om dispensasjonar for dyrka mark.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut