lbk-praktiskrad-elanlegg-484x226

Gamle elektriske anlegg - ein brannrisiko

Elektriske anlegg i landbruksbygg har tøffe omgjevnader. Etter ein del år kan det vera behov for å rehabilitere heile anlegget, og eit nytt el-anlegg kan redusere både brannfaren og strømrekninga.

  • Brannar i landbruket kostar kvart år over 500 millionar kroner, og har store konsekvensar for dei bøndene som vert ramma. Spesielt utsett er husdyrbygg, der undersøkingar viser at to av tre branntilløp oppstår i elektrisk anlegg og utstyr. Bondens jamnlege tilsyn, kombinert med el-kontroll med sertifisert kontrollør kvart tredje år, er effektive tiltak for å redusere risiko for at brann oppstår, sier Pål-Arne Oulie, styreleiar i Landbrukets brannvernkomité.

Elektriske kablar som vert drifta med 100% av medrekna belastning har ei levetid på 20 – 25 år. Med lågare belastning vert levetida på kablane forlenga, men ytre forhold påverkar også levetid på el-anlegget.

I et husdyrrom vert elektrisk anlegg og utstyr utsett for fuktighet, fysiske påkjenningar og korrosive gassar. I tillegg kan utviklinga over tid gjere el-anlegget underdimensjonert og uhensiktsmessig i forhold til behov i dagens produksjon, og ein kan komme til eit punkt der man bør vurdere ei total rehabilitering. Typiske tegn på at eit anlegg er modent for rehabilitering er:

  • Mange ”permanente” skøyteleidningar.
  • Mellombels monterte omnar og lampar.
  • Sikringane bryt straumen ofte.
  • Kun skrusikringar.
  • Jordfeil på anlegget.
  • Ineffektive varmekilder og lyskilder.
  • Ein el-kontroll for næringsbygg med termografering, utført av sertifisert kontrollør, vil vera eit godt hjelpemiddel for ein tilstandsvurdering av det elektriske anlegget. Om utbetringane på det gamle anlegget blir omfattande, kan det vera rekningssvarande å rehabilitere. Eit nytt el-anlegg vil både kunne redusere brannrisiko og gi lågare straumforbruk, då gamle lys- og varmearmatur ofte krev meir straum enn moderne utstyr sier Oulie.

Sjekklister og utfyllande tekst og bilete finn du på Landbrukets brannvernkomités nettsider: www.lbk.no

Lenke direkte til praktisk råd finn du her: http://www.lbk.no/Praktiske-rad

 

Kontaktperson: Styreleiar i Landbrukets brannvernkomité Pål-Arne Oulie 482 40 607

Landbrukets brannvernkomite.jpg

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut