Du er her: Heim Samfunn Politikk og valg

Generell informasjon om kommune- og fylkestingsval 2011

Valdagen for kommune og stortingsval er måndag den 12. september.
apoalle010910-01 jens

VIKTIGE DATOAR:
Her finn du oversikt over dei viktigaste hendingar og datoar fram mot valdagen 12. september 2011. 


30. juni:
Frist for endringar i mantalet.
Mantallsført i kommunen er dei som er folkeregisterført som busett i kommunen denne dato. (Valgloven § 2-4 (1)Oppdateringar i mantalet etter 30. juni kan berre skje på bakgrunn av særskilde tilhøve. (Valgforskriften § 1)

1. juli - 9. august:
Tidleg førehandsrøysting.
I perioden 1. juli til 9. august kan ein førehandsrøysta på tenestetorget i Etne.

1. juli:
Førehandsrøysting utanriks startar (inkludert Svalbard og Jan Mayen)

Juli/august:
Utlegging av mantalet til offentleg ettersyn.
Valstyret skal leggja mantalet ut til offentlig ettersyn så snart det let seg gjera. Mantalet skal liggja ute til og med valdagen. Valstyret kunngjer tid og stad for utlegginga og opplyser også om adgong til og framgongsmåte for å krevja feil retta.

10. august:
Ordinær førehandsrøysting innanriks startar
Valstyret kunngjer tid og sted for førehandsrøysting i forkant.

2. september:
Siste frist for å avgi førehandstøyster utanriks (inkludert Svalbard og Jan Mayen)

29. august - 9. september:
Førehandsrøysting på helse og sosialinstitusjonar.
Ved stemmemottak på helse- og sosialinstitusjonar kan stemmer også takast i mot heime hos personar som oppheld seg i trygde- og omsorgsbustadar med tilknytning til institusjonen. (Valgforskriften § 25)

7. september:
Søknadsfrist for ambulerande røysting.
Velgjarar som på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan avgi stemme på annan måte, kan etter søknad til valgstyret/valgorganisasjonen avgi førehandsrøyst heime/der dei oppheld seg. Valstyret fastsett sjølv fristen for når søknaden må vera kome inn til kommunen. Fristen må fastsetjast til eit tidspunkt innafor perioden mellom tyrsdag og fredag siste veke før valet. Frist for søknad om ambulerende røysting ved valet i 2011 er onsdag 7. september.

9. september:
Siste frist for å avgi førehandsrøyster.
Førehandsrøystinga må ikkje føregå seinare enn siste fredag før valdagen. Velgjaren er sjølv ansvarleg for å avgi førehandsrøyst på eit tidspunkt som gjer at førehandsrøystene kjem til valstyret inna valdagen kl. 21.00

Mandag 12. september:
VALGDAGEN
Valstyret kunngjer tid og stad for røysting på valdagen på førhamd. 
Vallokala stengjer kl. 21.00 valdagen

Videre på internett 
Valforskrifta 
Vallova