Generelt om kommuneplan

Kommuneplanen er primært kommunen sin eigen reiskap for å finna vegen fram til ei ynskt framtid.Planen må såleis gi eit bilete av kva framtid ein ynskjer og så må ei finna måtar å koma fram på.

Kommuneplanen er primært kommunen sin eigen reiskap for å finne vegen fram til ei ynskt framtid. Planen må såleis gje eit bilete av kva framtid ein ynskjer og så må ein finne måtar å kome fram på.

Dette dokumentet er ei oppfølging og presisering av dokumentet "Kommuneplan for Etne Måldokumentet 2003-2013", jfr. F-sak 100/04. Dette dokumentet har tidlegare lege ute til offentleg ettersyn, utan at det kom andre merknader enn av generell karakter.

Kommunestyret har i tillegg gjennomført ein tenkedugnad den 11.04.05. Det som kom fram her er i all hovudsak innarbeidd i dokumentet.

Ifølge kommunelova § 5 og plan og bygningslova § 20 skal kvar kommune utføra ei laupande kommuneplanlegging med sikte på å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale, etiske og kulturelle utviklinga i kommunen. Planen skal innehalda ein langsiktig og ein kortsiktig del, og byggja på dei økonomiske og øvrige ressursmessige føresetnader for gjennomføring.

Den langsiktige (denne) delen av kommuneplanen inneheld hovudstrategiar (vegval) for:

  • Etne mot år 2013 mål for utviklinga.
  • Kommunen som utviklingsaktør.

Den kortsiktige delen av kommuneplanen består av:

  • Økonomiplan med handlingsprogram, som inneheld eventuelle delstrategiar og tiltak som byggjer på kommuneplanen sin langsiktige del.

Den langsiktige delen skal reviderast i kvar kommunestyreperiode, medan den kortsiktige delen skal rullerast kvart år i samband med budsjetthandsaminga.

Overordna mål og hovudstrategiar for politikk og innsatsområda kjem fram i dette dokumentet, medan styring og samordning av verksemda i sektorane skjer i handlingsprogrammet (med delstrategiar der dette er naudsynt og tiltak).

Kommuneplan 2003 - 2013

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut