Kunst vår18

Gradvis gjenopning av kulturskulen frå 11. mai

Etne Kulturskule førebur gradvis gjenopning frå og med 11. mai. 

Me startar opp att aktivitetar/fag me kan gjennomføra innanfor gjeldande reglar m.o.t. smittevern. Det betyr at undervisning på gitar, piano, fiolin, blåseinstrument, band og teikning/maling startar opp att. Dramaundervisninga vil gå føre seg via nettet på Zoom. Elevar som har individuell opplæring på instrument (unntatt piano/keyboard) må ta med seg sine personlege instrument til time dersom dei har høve til det. Velkomen - me ser fram til å møta elevane att og gje undervisning til så mange som mogeleg på vanleg måte. Velkomen J

Me minner også om søknadsfristen for neste skuleår : 20. mai.

 

Helsing
Morten Odéen,
Rektor, Etne kulturskule

Tips ein ven  Skriv ut