Etne Camping

Gradvis opning av campingplassar

Presisering  - 23.04.20

23.04.20: 17.04. la Etne kommune ut melding om gradvis opningar av campingplasser frå og med 20.04.
Me har i etterkant fått ein del spørsmål om påfylling av vatn og tømming av toalett.
Dersom campingplassane opnar for besøkjande må dei også leggja til rette for dette og smittevernråd og krav frå sentrale myndigheter må fylgjast.

17.04.20: Etne kommune opnar opp for bruk av campingplassar og båthamner frå og med 20. april. 
Med omsyn til smittevernet, er oppmodinga at ein framleis held felles sanitæranlegg, kjøkken og opphaldsrom stengt.  Dette medfører at besøkjande må ha tilgang til eige kjøkken og toalett. Etne kommune held seg til nasjonale retningsliner og framleis gjeld difor anbefalinga om å ikkje utføre unødvendige fritidsreiser til annan bu- og arbeidsmarknadsregion enn der ein bur. Her lokalt er heile Haugalandet (Karmøy, Bokn, Haugesund, Tysvær, Sveio, Etne og Vindafjord) og Ullensvang rekna som same bu- og arbeidsmarknadsregion.

På campingplassar, båthamner og andre samlingsstader er tilrådinga:

  • Det bør ikkje vera meir enn 5 personar samla i gruppe. Dette gjeld ikkje personar som lever saman til vanlig.
  • Når ein er saman med andre bør ein halde ein fysisk avstand på minst 2 meter. Det gjeld ikkje personar i same husstand.
  • Ved akutte luftvegsplagar så ber kommunane om at ein reiser tilbake til heimkommunen.

Dersom kommunen ser at tilrådingane ikkje vert fylgt og det vert danna større samlingar av folk – på campingplassar, hamner eller andre stader – kan det fattast vedtak om stenging iht. smittevernlova.

 

Campingplass, bubil og båt

Publisert 03.04.20

Påsken nærmer seg og i desse tider dukkar det stadig opp spørsmål om dette med fritidsreiser med bubilar, campingvogner og båtar. 

Etne kommune har ei sterk oppmoding om at campingplassar ikkje vert nytta i denne situasjonen me er inne i. Det er ulike smittekjelder på små og store campingplassar, og me ber om at campingplasseigarar og gjester held seg til oppmodigane for å unngå smittespreiing. Det er likevel mogeleg å dra på dagsbesøk f.eks. for å utføre naudsynt vedlikehald eller mindre bygningsteknisk arbeid, så lenge dei til eikvar tid gjeldande smittevernreglar vert følgd. Sanitæranlegg er tilrådd stengt i noverande situasjon.

Denne sterke oppmodinga gjeld også for bubilar og båtar.

Etne kommune føl nasjonale retningsliner og tilrår difor:

  • Det bør ikkje vera meir enn 5 personer samla i gruppe. Dette gjeld ikkje personar som lever saman til vanleg.
  • Når ein er saman med andre bør ein halda ein fysisk avstand på minst 2 meter. Det gjeld ikkje personer i samme husstand. 

Risikoen for smitte aukar med tida ein er saman og jo mindre avstanden mellom personar er.

Dersom kommunen ser at denne oppmodinga ikkje vert følgd og det vert større samlinger av menneske – på campingplasser, hamner eller andre stader – kan det fattast vedtak om stenging ihht smittevernlova.

Det er vanskelege tider for alle, men dersom me står på i lag klarar me å handtera desse utfordringane. Takk for samarbeidet.

 

Elisabeth Gunleiksrud                                                  Bjørn Tollfesen
Smittevernlege                                                              Kommunedirektør

 

 

Tips ein ven  Skriv ut