HPV

Gratis HPV-vaksine

Vaksina blir anbefalt til unge kvinner fordi den førebyggjer livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

Alle kvinner født 1991 og seinare får frå november 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine).

HPV-infeksjon er den seksuelt overførbare infeksjonen i verda som er mest vanleg. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan leie til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65­-100 dør av sjukdomen. Vaksina har god og vedvarande effekt og kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.  

- Jenter født i 1997 og seinare har fått tilbod om HPV-vaksine gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.
- Det er gledeleg at fleire unge kvinner nå får dette tilbodet.

Tilbodet er midlertidig og varer i ein toårsperiode frå november 2016. Vaksineringa består av tre vaksinedosar gitt i løpet av 6-12 månader og må difor startast opp innan utgangen av 2018. Unge kvinner i målgruppa kan få vaksina ved å melde seg på via mail.

Ta kontakt med Etne helsestasjon for timebestilling:  Tlf. 53 75 81 08

Eller på mail med navn, fødseldato og ditt mobilnummer som me kan senda time til. elin.grindheim.hovda@etne.kommune.no eller anette.huse.borgen@etne.kommune.no

 

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine:

Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/hpv-vaksine

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut