WiFi logo

Gratis trådlaust nettverk i Etne sentrum

Som eit prøveprosjekt vil deler av Etne sentrum i sommer ha gratis trådlaust nettverk

I sommar vil Etne Kommune tilby gratis trådlaust nettverk for turistar og innbyggjarar. I første omgang er det deler av Etne sentrum og båthamna samt området rundt Enge skule som har dekning. Blir forsøket vellykka kan dette bli permanent og der er også muligheit for utviding også i Skånevik sentrum.

For å kople seg på må ein søke opp det usikra nettet “Etne Kommune guest”, deretter starter ein nettlesar der ein får tilsendt eingongskode på SMS.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut