Sjukepleiar

Gratis vidaregåande utdanning for vaksne

Frå hausten 2011 tilbyr Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune kurs i helsearbeidarfaget i Etne kommune dersom det melder seg nok søkjarar.

Vaksne har frå det året dei fyller 25 år rett til gratis vidaregåande opplæring viss dei ikkje har fullført slik utdanning tidlegare (Opplæringslova § 4A-3. Rett til vidaregåande opplæring for vaksne). Den som ikkje har fylt 25, og den som allereie har ei vidaregåande utdanning kan óg få tilbod dersom det er plass.

Frå hausten av har opplæringsavdelinga ved Hordaland fylkeskommune tilbod om kurs i helsearbeidarfaget i Etne kommune dersom det melder seg nok søkjarar. Både læremiddel og undervisning er gratis, og undervisninga vert gjeve ein dag pr veke. Teorikurset vert avslutta med ein fem-timars eksamen. Dersom den vaksne har nok arbeidserfaring i helsefaget kan ein etter endt eksamen melda seg opp til fagprøven i helsearbeidarfaget.

For den enkelte vaksne er det oftast ein siger å få fagbrev i eit yrke ein jobbar i. Kommunane vinn óg på denne utdanninga i form av fleire faglærde og kvalifiserte innan pleie og omsorg
Her finn du meir informasjon om kurset www.hordaland.no/vo

Kontakt vaksenopplæringssenteret på Kvinnherad vidaregåande skule v/Leif-Jarle Kaldestad, tlf. 53 47 57 35/932 01 813, e-post vo.kvv@post.hfk.no. Her kan du få rettleiing - og detaljert informasjon om tilbodet i Etne kommune. Inntak skjer fortløpande, så det er viktig at den som er interessert tek kontakt snarast råd. 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut