Gravferd

Oppdatert: 28.11.2018 09:39
Generelt
Omtale

Den som har fylt 18 år, kan i ei skriftleg erklæring fastsetje kven som skal ha rett til å stå for gravferda. Elles vil det vere dei nærmaste etterlatne til den avdøde som har ansvaret for dette. Dersom det er usemje om kven som skal sørgje for gravferda, tar kommunen avgjerda. Dersom ingen sørgjer for gravferda, skal den kommunen der avdøde budde, sørgje for henne.

Kriterium/vilkår

Gravlegging skal skje med respekt for den religionen eller det livssynet som den avdøde hadde. Kremasjon kan skje med mindre det er kjent at det var i strid med den avdøde sit ønske. Dersom den avdøde ikkje er kremert, skal gravlegging skje seinast ti verkedagar etter dødsfallet.

Kyrkjeleg fellesråd kan forlenge fristane dersom det er tungtvegande grunnar for det.

Samarbeidspartnarar

Kyrkjeleg fellesråd forvaltar kyrkjegardane i kommunen, men det er kommunen som løyver pengane til drifta.

Regelverk

Sjå gravferdslova §§ 9, 10 og 13 og kapittel 2. Sjå òg folketrygdlova kap. 7 og prisopplysningsforskrifta § 15



Lover
Folketrygdloven
Gravferdsloven

Forskrifter
Prisopplysningsforskriften

Rettleiing
Bestemmelser om gravplasser, kremasjon og gravferd
Informasjonsskriv om klede og gjenstandar ved gravlegging og kremasjon (rundskriv)
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Det er høve til å sørgje for alt sjølv i samband med ei gravferd, men dei fleste vel å bruke eit gravferdsbyrå i større eller mindre utstrekning. Den som har ansvaret for gravferda, avgjer i så fall sjølv kva gravferdsbyrå han eller ho ønskjer å bruke.

Eit gravferdsbyrå kan mellom anna hjelpe til med å

  • fastsetje tider for overføring, gravferd, kremasjon osv.
  • kontakte prest/imam/talar, musikarar, songarar, gravlund o.a.
  • skaffe kiste og utstyr, stelle den avdøde
  • ordne transport av kista
  • ordne papir til skifterett, politi, Nav, osb.
  • annonsere dødsfallet
  • trykkje songar, salmar og takkekort
  • ordne blomar, dekorasjonar, kransar
  • leggje til rette for og ta del under sørgjehøgtida
  • sørgje for melding til og oppgjer med Nav
  • ordne med minnesamvær
  • ordne med urnenedsetjing
  • ordne med inskripsjon på gravmonument, trekross/symbol og gravlykt

Nokre byrå formidlar òg tenester som reingjering av bustaden med rydding og bortkøyring.

Skjema
Krav om gravlegging og/eller kremasjon (V-0916N)
Klagemulighet

Du kan ikkje klage på avgjerda til kommunen dersom det er usemje om kven som skal sørgje for gravferda. Du kan heller ikkje klage på avgjerda til kyrkjeleg fellesråd om å forlenge eller forkorte fristen for kremasjon og gravferd.

Den som har ansvaret for gravferda, kan klage på eit gravferdsbyrå til Klagenemnda for gravferdstjenester, Postboks 2900 Solli, 0230 Oslo. Nemnda er sett saman av ein uavhengig jurist (leiar av nemnda), ein representant frå Forbrukarombodet og ein frå gravferdsbransjen.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Kultur
Leder:Odeen, Morten
Kontaktpersonar
Morten Odeen (Leiar kultur)
Telefon: 53 75 71 24
Mobil:
Telefaks: 53 75 80 01
Epost: morten.odeen@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2018-11-28 09:39