Grunnskulelærar 1-7

Kan du tenkja deg å utdanna deg for å arbeida i grunnskulen?

Høgskulen Stord Haugesund  i samarbeid med Utdanning i Ryfylke vil starta opp desentralisert lærarutdanning 1-7 frå hausten 2015.
Det vert ein kombinasjon av undervisning via videokonferanse der ein kan studera i Etne, og ved fellessamlingar. Det er lagt opp til at ein kan studera ved sida av arbeid.

Det vert videooverført info-møte torsdag 25. sept. Kl 1800 på videokonferanserommet på Etne omsorgssenter.

Då møtet startar kl 18, bør ein vera ute i litt god tid.

Les meir

Annonse

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut