Enge skule_mellomtrinnet

Grunnskulelærar 1 - 7

Lærarmangelen særleg i grunnskulen, vil bli stor i komande fem- og ti-års periode i følgje Statistisk Sentralbyrå.

Når nyfødde i 2014 skal byrja på skulen i 2020, kan det mangle 23000 lærarar på landsbasis. For få vil bli lærarar, og for mange ferdig utdanna skyr unna læraryrket. Dei som blir, underviser helst eldre barn og ungdom. Dei minste vil i høg grad måtte nøye seg med ufaglært hjelp.

Kommunane i Ryfylke vil motverka ei slik utvikling. Eit initiativ om å leggja utdanninga der det skjer, har medført ei pilotsatsing frå Høgskolen Stord/Haugesund.

 

Ufaglærte som alt er i grunnskulen, dei som aldri har fått sjansen og dei som vil styrke lokalt skulemiljø, skal byggja ny kvalitet i grunnskulen.

 

 

 Målet er å utdanne kandidatar som kjem til å bli i lærargjerninga.

Tilbodet høver godt for søkjarar frå Etne.

 

Fakta:

  • 240 studiepoeng, 5-6 år
  • Studiestad: Stord, samlingar og nettbasert
  • Opptakskrav: Generell studiekompetanse, samt karakterkrav i matematikk og norsk.
  • Spesielle krav: Politiattest må leverast seinast ved studiestart.
  • Søknad: www.hsh.no/sok
  • Søknadsfrist: 15. april
  • Kontaktperson: studiekonsulent Elin Siglen, elin.siglen@hsh.no
  • Meir informasjon: www.hsh.no/larer

 

Brosjyre GLU 1-7

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut