Etne, august 2013 081

Grunnskulen i Etne kommune

Det vert innskriving av elevar i 1. klasse for skuleåret 2014/2015 på desse skulane:

Rygg skule:                    5. november kl. 13.00

Skånevik skule:            27. november kl. 09.00

Enge skule:                  27. november kl. 09.00

 

Alle born i Etne kommune som er fødde i 2008 eller før, og som ikkje har byrja på skulen, skal skrivast inn.

Det kan godkjennast utsett skulestart med eitt år etter søknad frå foreldra/føresette. Like eins er det høve til å søkja om framskoten skulestart med eitt år dersom barnet fyller 5 år innan 1. april 2014. Avgjerd om utsett eller framskoten skulestart skal takast etter sakkunnig vurdering frå PPT.

 

Søknadsfrist (for begge): 1. febr. 2014.

 

Me ønskjer at borna er med innskrivingsdagen.

Påmelding til skulefritidsordninga (SFO) skjer ved søknad på heimesida til Etne kommune.
Fristen her er 1. april 2014.

 

Velkommen til skulane i Etne kommune!

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut